Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområdeSkip to content

Kva er Ungdommens distriktspanel?

Ungdommens distriktspanel skal gje råd til regjeringa om framtidas distriktspolitikk. Panelet blir utnemnt i desember 2019.

I Granavolden-plattformen sa regjeringspartia at dei vil:

"Sette ned et ungdomspanel som skal gi råd til regjeringen i aktuelle saker som for eksempel integrering, psykisk helse og frafall i videregående skole." 

I praksis blir det fleire ungdomspanel, og Ungdommens distriktspanel er det første. Panelet er forankra i Meld. St. 5 (2019-2020) Levende lokalsamfunn for fremtiden - Distriktsmeldingen.

Distriktssenteret har fått ansvar for å rekruttere, organisere og legge til rette for arbeidet i Ungdommens distriktspanel.

Deltakarane i Ungdommens distriktspanel skal vere mellom 14 og 23 år når arbeidet i panelet startar. Dei blir sett saman av ein representant for kvart av dei nye fylka utanom Oslo, og skal representere stor breidd både i kjønn, bakgrunn og interesser. Desse ti ungdommane skal hente inn forslag frå ungdom i Distrikts-Norge, bearbeide dei og gje ti råd til regjeringa våren 2021.

Arbeidet i panelet

Ungdommens distriktspanel organiserer arbeidet sitt i samarbeid med Distriktssenteret. Vi vil leggje til rette for fire fysiske samlingar i arbeidsperioden. Mellom samlingane skal ungdommane hente innspel og forslag frå ungdom i sitt fylke på ulike måtar. Distriktssenteret vil at ungdommane skal delta aktivt i ordskiftet for å få fram meiningar om tiltak for framtida i distrikta, skape merksemd i sosiale medier og påverke nasjonal politikk.

Distriktssenteret vil, i samarbeid med fylkeskommunane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet velje ut ein representant for kvart av dei ti fylka tidleg i desember 2019. Desse skal representere eit mangfald og vere gode representantar for sitt fylke. Første samling er i januar 2020, og arbeidet går til våren 2021.